Voss Gymnas - Toppidrettslinjen

Vi utvikler topputøvere til internasjonalt nivå.

Toppidrettslina på Voss gymnas er eit samarbeid mellom Voss gymnas og Olympiatoppen region Vest. I tillegg samarbeider samtlege idrettar med lokale idrettslag i bygda for å laga eit heilskapleg opplegg.

Om du vil prestere på landets høgste nivå, eller berre er veldig glad i å trene mot ein bestemt skiidrett, er Voss gymnas skulen for deg.

Me fokuserer på progresjon i trening over tid. Me trenar for å kunne trene enda meir. I treningsarbeidet vert dette tilpassa idretten du har valt. Du får trent ti timar pr veke i skuletida med det du tykkjer er kjekkast, og vert utvikla personleg så vel som sportsleg.

Idrettsteorifaga er kopla opp mot dei praktiske treningsfaga. Det er tett oppfylging av deg som elev og god dialog mellom trenarar og lærarar om din faglege progresjon.

Skulen har på årsbasis fire samlingsveker, då er det fokus på trening kvar dag og jobbing med lekser på kveldstid. Samlingane vert på plassar med gode snø- og treningsforhold både i Norge og i utlandet.

Hjå oss får du på tre skuleår generell studiekompetanse i tillegg til ein brei idrettsteoretisk kompetanse. Dersom du ynskjer realfagsfordjuping (spesiell studiekompetanse), kan du oppnå det ved å ta eit fjerde år på skulen.

Klikk her for å lese meir om skulekvardagen og dei ulike skulefaga.